Kva er speiding?
Ofte er vi på Olav Vik-stiftelsen på Osnes eller på "Speidarplassen" på Kaldheim ved Litledalsvatnet. Om sommaren har vi ofte kanoar liggande på Kaldheim. Dei kan brukast av speidarar og deira familiar.
Speiding er allsidig program og god mat på bål eller stormkjøken.
Speidaren i Etne er medlem av Norges KFUK-KFUM-speidere. Norges KFUK-KFUM-speidere arrangerer krets eller landsleir hvert andre år. Haugaland krets arrangerer Blikshavnleir for stifinnere på Blikshavn på Karmøy i mai hvert år.
Norges KFUK-KFUM-speidere er med i fire av verdas største barne- og ungdomsorganisasjonar:
World association og girl guides and girl scouts (WAGGGS)
World organization of the scout movement (WOSM)
Young Womens Christian association (YWCA)
Young Mens Christian Association (YMCA)
Vi kan reise på leire verda rundt gjennom disse organisasjonane og i 2015 var fire speidarar frå Etne på verdsspeiderleir i Japan saman med 40 000 speidarar frå heile verda.