Helgo 1-3. september var det jubileumshelg for Etne Kyrkja og Etne Speidaren vart invitert til å ha nokon aktivitetar for ungane på laurdagen saman med Fredagsklubben. Me satt opp speidarhengaren vår, banner og bålpanne for å kunne vise oss litt fram. 

Aktivitetane me arrangerte var steiking av Pinnebrød over bålpanne og konkurranse i båltenning. Det blei kjapt lang kø ved pinnebrød stasjonen ettersom alle hadde lyst å få smake og synes det var gøy at de fekk steike det sjølv. Her hadde me forhånds spikka kvistar til å kunne snurre Pinnebrød deigen rundt.

Etterkvart blei det stor interesse rundt konkurransen. Fleire og fleire ønska å kunne slå vennene sine i å få tråden til å svi av raskast mogleg. I tillegg så var det moglegheit til å få seg eit speidarmerke dersom de klarte å lage bål som svei tråden av. Det gjorde det ekstra gøy for de som rakk å delta.